Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste er visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja.
I Hammerfest kyrkjelyd vil vi at fellesskapet skal vere bygd på kjærleik. Vi ynskjer at menneske skal oppleve nestekjærleik, og at vi saman skapar arenaer som gir rom til å ta vare på kvarandre. Vi ynskjer at menneska i vår by skal vere opptatt av å ta vare på jorda vår, og ha fokus på forbruk, gjenbruk og sortering. Vi vil at menneska i vår by og vår verd, same kva historie og bagasje vi ber med oss, skal bli møtt med og (få) vite at alle er like verdifull.
Diakoni handlar om nestekjærleik, omsorg, rettferd og miljø.
Diakoni er å vere og å gjere.
Diakoni er ein del av det å vere eit truande menneske.
Diakonien har vore ein del av kyrkja gjennom heile kyrkjehistoria. Organisering og former har skifta, men i alle epokar har det vore viktig å verne om omsorgstenesta.
"Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd", var Kyrkjemøtet sin definisjon av diakoni i 2007.